Referat styremøte 11 april
Hordaland Sau og Geit
Referat styremøte HSG torsdag, 11. april.
Stad: Teams
Desse var med: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Kato Hilleren, Oddmund Hildal, Svanhild Aksnes, Ola Steinsland og Kristina Jordalen. Arne Grindheim kunne ikkje møta.
Sak 24/22 Godkjenning av innkalling og saksliste
Vedtak: Godkjent
Sak 25/22 Godkjenning av referat styremøte 20. februar
Vedtak: Godkjent
Sak 26/22 Gjennomgang Årsmøte HSG
Årsmøte HSG 2022 var eit aktivt og positivt årsmøte. Dei fleste lokallaga stilte med nokre få som meldet forfall grunna sjukdom. Det kom mange synspunkt på arbeidet HSG hadde utført i forhold til innspell jordbruksavtalen 2022.
Det var og feil i årsmeldinga for 2021 under økonomi i status. På spørsmål om felles avtale med apotek som NSG forhandlar fram og fordeler. Også spørsmål om rabattar som NSG har i forhold til Gjensidige.
Vedtak: Feil i Årsmeldinga under økonomi er retta opp. Kjetil Rødland tar kontakt med NSG og legger fram saka med apotekavtale, felles avtale for alle medlemmer i NSG. Som medlem i NSG får du rabatt hos Gjensidige på husdyrforsikringa.
Sak 27/22 Arbeidsfordeling i Styret arbeidsåret 2022
Styret i HSG fordelte arbeidt i fylkesstyret der styremedlemmene får ansvar for: Vedtak: Økonomi: Kjetil Rødland
Gjetarhund: Oddmund Hildal
Heimesida: Oddmund Hildal og Svanhild Aksnes Boten
Avl: Kato Hilleren
Kontakt med organisasjonar, Statsforvaltar og rovdyr: Reidar Kallestad
Sak 28/22 Oppsummering Årsmøte i NSG
Gjennomgang frå årsmøte NSG. Innom kostnadsauken i næringa, mange stiller spørsmål om innteninga. Budsjett for avl blei ikkje godkjent. Det blir nytt i ekstraordinert årsmøte med denne saka. Møte blir på Teams. Det er mange medlemmer som ikkje har betalt kontingent for 2022. Stiller spørsmål: Viser medlemmene missnøye med arbeidet i NSG? Det var gjennomgang av ny heimeside kvelden før årsmøte. Vedtak: HSG legger referat frå årsmøte NSG ut på heimesida når det er klart.
Sak 29/22 Oppsummering frå Årsmøte Vestland Bondelag
Reidar møtte i Årsmøte til Vestland Bondelag. I møte kom det fram stor frustrasjon på svak inntening og aukande produksjonskostnader i næringa. Matvaresituasjonen og beredskapen rund dette var og tema.
Vedtak: HSG kan konstatera at Vestland Bondelag arbeider for og auke innteninga i småfenæringa og at dette blir prioritert under årets jordbruksforhandlingar.
Sak30/22 Diverse møter (Beitebruk og Min side NSG)
Min side er ny og mange slit med og bli kjent og få tatt ut dei rapportane som lokallaga ønsker. Ut frå dette har HSG Spurt NSG om dei kan holde eit møte på Teams med tema «Min side» ganske så snart. Det viser seg vanskeleg å få dette til gjennom NSG. Har og hatt kontakt med Statsforvaltar i Vestland med og få til eit møte på Teams der tema er: Korleis kan og kva kan ein få støtte til innan for organisert beitebruk. Venter på tilbakemelding. HSG planlegg fjelldag der dette kan og vara eit tema.
Vedtak: HSG skal purre på i begge sakene for og få gjennomført møta.
Sak 31/22 Arbeidsplan 2022
Arbeidsplanen var oppe i styremøte for tilføying av:
Vedtak: August: Fjelldag med tema organisert beitebruk, vurdering av lam m.m Også nye datoar for arbeid i gjetarhundnemnda. Arbeidsplan for 2022 blir revidert og sendt ut til lokallaga.
Sak 32/22 Sak 14/22 står att frå sist møte
Sak 14/22 Ymse frå styremøte 16. januar
- Brev frå region 4
Vedtak: Brevet vil bli behandla på neste styremøte som eiga sak.
Vedtak: Saka skal svarast ut til Radøy Sau og Geit med brev.
Sak33/22 Ymse
Det er komet spørsmål om og laga eit Radiobjøllelag for Hordaland. HSG tar denne saka med i sitt arbeid videre.