Referat styremøte HSG tysdag, 11. Januar.

Stad: Teams

Desse var med: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Oddmund Hildal, Kato Hilleren og Ola Stensland. Tore Atle Sørheim frå avlsutvalet var med i alle saker unntatt sak 03/22. Ivar Haug kunne ikkje møte

 

 

Sak 01/22 Godkjenning av innkalling og saksliste

Vedtak: Godkjent

 

Sak 02/22 Godkjenning av referat styremøte 3. des. 2021

Vedtak: Godkjent

 

Sak 03/22 Avlsutval/Gjetarhundnemnd for 2022

Det var kommet inn forslag frå ein del lokallag og vereringar. Alle hadde forslag om attval. Berre Egil Øvstebø sa frå seg attval i gjetarhundnemnda.

Vedtak:

Avlsutvalet for 2022

Namn:

Valt år:

Til og med:

Tore Atle Sørheim - leiar

2019

2022

Nils Inge Hitland

2021

2023

Mons Kjetil Vevle

2022

2024

  1. vara Ole Sævareid

2022

2022

 

 

 

 

Gjetarhundutvalet for 2022

Namn:

Valt for:

Til og med:

Ivar Haug - leiar

2021

2023

Stein Birger Dalland

2019

2022

Jan Tore Veland

2022

2024

  1. vara Ingebjørg Kjærevik

2022

2022

  1. vara Anne Gerd Nysveen

2022

2022

  1. vara Odd Midtbø

2022

2022

 

Sak 04/22  Jordbruksforhandlingane 2022

Spørjeskjema frå NSG var sendt ut til lokallaga like før Jul med knapp svarfrist. Mange lokallag hadde utført eit grundig arbeid til stor hjelp for styret når dei sette dette saman og videre sendte til NSG. Det er store forventningar til Jordbruksforhandlingane 2022 og dette syner og svaret frå HSG til NSG.

Vedtak: Krav til Jordbruksforhandlingane 2022 sendes NSG. I tillegg ber styret i HSG om møte med leiar i NSG Ronald Slemmen for og tydeleggjera kravet. HSG sitt innspel sendes lokallaga.

 

Sak 05/22 Årsmøta i lokallaga 2022

Me er ennå inne i ein «pandemi» og alt er ikkje rett fram for å holde møte. Styret diskuterte korleis skal ein kunna avhalde årsmøta i lokallaga og vedtok dette:

                Vedtak: Nok en gang gir koronapandemien utfordringer med avvikling av fysiske møter, selv om det ikke er fullstendig nedstengt som i fjor. Mange lag vil kunne komme innenfor anbefalte antallsbegrensninger for fysiske møter, mens større lag kan slite med dette. Følg med på nye lettelser på restriksjoner. Hugs: alle lokallag må avholde årsmøte.

 

Sak 06/22 Årsmelding for HSG 2021

Arbeidet er i gang med årsmeldinga for 2021.                                           

HSG skal bruke same trykker som 2021.

Vedtak: Frist for alt som skal vara med i Årsmeldinga må sendast til Oddmund Hildal på e- post: oddmundhildal@hotmail.com innan 28. januar. Har du bilete som kan brukast i årsmeldinga.., send gjerne desse også til Oddmund.

 

Sak 07/22 Årsmøte HSG 2022

Vedtak: HSG har bestemt i tidlegare møte at årsmøte 2022 skal avhaldast 25. – 26. februar. Styret er usikre om ein kan gå for 2- dagarsmøte eller berre ha dagsmøte med årsmøtesaker. Eit tredje alternativ er og ha årsmøte på Teams.

Har du meining om kva som er lurt gjer, meld raskt tilbakemelding det setter me stor pris på!

 HSG venter til etter neste styremøte (18. januar) med meier info.

 

 

 

Sak 08/22 Ymse

Tore Atle Sørheim hadde desse saker under ymse:

  • Avlsutvalet vil ha evaluering etter kåringa 2021. Eit evalueringsmøte på Teams med dommarane.
  • Seminresultata for 2021 viser dårleg tilslag. Det arbeides med å få inn data og oversikt for vereringane i Hordaland.
  • Det er allereie lokallag som melder inn dato dei ønsker kåring 2022. Det er viktig at kåringsstader som ligg nær einannan ikkje har på same dag. Snakk gjerne saman så løyser dette seg…
  • Under sist årsmøte i NSG la HSG fram forslag på ein annan fordeling på kontingenten. Tore Atle meiner dette er ei viktig sak. Blir sak i neste styremøte.

 

Karluf