Hordaland Sau og Geit                             

 

 

Referat styremøte HSG onsdag, 16. juni.

Stad: Teams

 

Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland. Oddmund Hildal, Kato Hilleren og Svanhild A. Botnen. 1. vara Ola Steinsland hadde meldt forfall. Tore Atle Sørheim frå avlsutvalet og Ivar Haug frå Gjetarhundnemnda møtte ikkje.

 

Sak 37/22 Godkjenning av innkalling og saksliste

Kunne vert flinkare til å gje meir tid frå innkalling til møte og meir tid i forhold til der møte blir flytta.

Vedtak:  Godkjent

 

Sak 38/22 Godkjenning av referat styremøte 11. april og 18. mai

Vedtak: Begge referata godkjent

 

Sak 39/22 Oppfølging av sak frå Radøy Sau og Geit etter styremøte i NSG

Reidar orienterte om saka etter at den var oppe i styremøte i NSG. Saka er ennå ikkje heit avklart. Saka er sendt frå styret i NSG til Landsrådet for saueavl der styret ber om uttalelse.

Vedtak: Venter på endeleg svar frå NSG

 

Sak 40/22 Fagdag på ettersommaren

Hordaland Sau og Geit planlegge fagdag i sommar. HSG har mottatt hendvendsles med spørsmål om fellesarrangement frå Beinhellarn beitelag 23. – 24. juli.

Vedtak: Hordaland Sau og Geit vil gjerne bli med på eit fellesarrangement og vil bidra med program med blant anna ein person frå NIBIO. I tillegg skaffe grillmat. HSG lyser dette ut på heimesida og Facebook når program er klart.

 

Sak 41/22 Manglande årsrapport frå lokallag

Det er ennå 17 lokallag som ikkje har sendt inn årsrapport for 2021 til NSG.

Vedtak: Styret i HSG tar kontakt med dei lokallag som ikkje har sendt inn i årsrapport.

 

Sak 42/22 Avlsarbeidet på sau… nytt frå møte i Avlsrådet

Tore Atle Sørheim var ikkje med i møte, difor ingen orientering frå møte i landsrådet i saueavl.

Vedtak: Saka blir sett opp at på neste styremøte.

 

Sak 43/22 Teams- møte med tema «Min side» med NSG

Det er mange lokallag  som ikkje ennå er komet i gang med bruk av «min side» HSG har hatt kontakt med NSG og etterlyst møte på Teams der ein kunne fått ein gjennomgang.

Vedtak: Karluf tar kontakt med NSG så for ein kan og prøver og få til møte så snart det let seg gjennomføra.

Dagen etter var det kontakt med NSG, men dei kunne ikkje varra med på møte før i Juli grunna ferie.  Juli er ei vanskeleg tid å halda møte difor utsett HSG med møte til etter ferien.

 

Sak 44/22 Innspel til leiarmøte HSG 2022

Det er tid for planlegging av leiarmøte 2022.

Reidar Kallestad utfordra styremedlemmene med innspel på tema og plassering av møte.

Vedtak: Leiarmøte i HSG fastsettes til 28. – 29. oktober.

 

Sak 45/22 Ymse

Neste styremøte blir ca. midten av august