Referta styremøte 22. august
Hordaland Sau og Geit
Referat styremøte HSG måndag, 22. august.
Stad: Bjørkheim Kro og Motell
Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Oddmund Hildal, Kato Hilleren, Svanhild B. Aksnes, fyrste vara Ola Steinsland. Tore Atle Sørheim frå Avlsutvalet og Ivar Haug frå Gjetarhundnemnda hadde meldt forfall.
Sak 50/22 Godkjenning av innkalling og saksliste
Vedtak: Godkjent
Sak 51/22 Godkjenning av referat styremøte 8. august 2022
Vedtak: Godkjent
Sak 52/28 Leiarmøte 2022 (28. – 29. oktober, stad? og program)
Planlegge leiarmøte for 2022. Ein kom fram til at det skal vara eit todelt møte leiarmøte med fagprogram. Styret legger opp til og ha den organisasjonsdelen fredagen med innslag frå HSG i tillegg til eit faginnlegg. Dag to blir berre fag med fokus på bruk av utmarksbeite. Ein har ein del tema som ein arbeider med og få ressurspersonar til og stilla.
Vedtak: Leiarmøte/fagmøte blir lagt til Scandic Hotell Voss 28. og 29. oktober. Tema er bruken av utmarka. Arbeider med å få inn fagpersonar frå diverse etatar som til døme Turistforeininga. Program med påmelding blir sendt ut så snar ein har det klart.
Sak 53/22 Oppfølging av lokallaga
HSG har arbeida med å få til eit møte på Teams med fokus Min side til NSG. Dette har HSG ikkje klart og få til ennå. Det er ein del lokallag som slit med og få rapportert inn årsmeldinga for 2021. I tillegg lagar HSG til møte med lokallaga på Teams.
Vedtak: Etter å hatt ny kontakt med NSG på denne saka har nå NSG sagt at til eit digitalt møte ganske kjapt. Karluf får i oppgåve og følgje dette opp.
Sak 54/22 Diverse kurs/møter:
-
Kurs på Teams: Tema Min side
Vedtak: Karluf følger opp.
-
Kurs/samling med nye og unge bønder
Vedtak: Er under planlegging, prøver og få dette til i fyrste halvdel Januar 2023. Går ut og ber om tilbod frå diverse hotell
-
Organisasjonskurs
Vedtak: Er under planlegging. Målet er å få dette til med 4 til 5 møter i Hordaland. Svanhild Akses arbeider med personar som kan halde møte.
-
Aktivitet/kurs passet/avl
Ein ser at det er til dels liten aktivitet i lokallaga. Det er blitt vanskeleg og komma i gang att etter pandemien.
Vedtak: HSG vil kalla lokallag inn til møte på Teams der ein kan planlegga aktivitetar og samarbeida om og få dette til i lokallag. På dette møte kan ein og ta opp andre tema. Møte blir 19. september kl. 19.30.
Sak 55/22 Kåringa 2022
Tore Atle Sørheim var forhindra til og møte i styremøte med var med på tlf. under denne saka.
Vedtak: Det skal vara dommarkurs måndag 29. august. Det kjem og 8 personar frå Sogn og Fjordane til Kurset. I tillegg har ein mått med Stein Terje Moen Fagsjef ull i Norilia. Det er og nye aspirantar som møter. Oppsett på kåringssjåa blir sendt ut så snart det er klar.
Sak 56/22 Fagtur med Julebord 2022
Fagtur med julebord i 2021 blei avlyst grunna pandemien.
Vedtak: Julebord med fagtur blir som planlagt 17. desember i
Eidfjord på Vøringsfoss Hotell. (Samlinga blir lagt ut på heimesida)
Sak 57/22 Gjetarhundarbeidet 2022
Ivar Haug var forhindra i å møta. Det blei opplyst om stor aktivitet i gjetarhundarbeidet. Fylkesmeisterskapen blir arrangert i Sveio. (Følg med på heimesida for aktivitetar)
Sak 58/22 Ymse
Styret vurdera og få til fagtur til Scotland 2023 i forbindelse med VM i saueklipping og ullandtering
Karluf Håkull
Sek.