Referat styremøte HSG torsdag 13. februar
Stad: Bjørnafjorden hotell
Med i møte var: Reidar Kallestad, Ola Steinsland, Kato Hilleren, Svanhild Aksnes, Kristina Jordalen og 1. vara Mons Kjetil Vevle

Sak 15/25 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Vedtak: Godkjent.


Sak 16/25 Godkjenning av referat styremøte 19. januar.
Vedtak: Godkjent.


Sak 17/25 Innstilling til Jordbruksforhandlingane 2025.
I forkant var det sendt ut var det sendt ut eit spørjeskjema til lokallaga der Styret bad om innspel. Ein del lokallag har sendt inn gode forslag som styret diskuterte og laga forslag til innsending til NSG.
Vedtak: Sjå vedlegg som er sendt NSG.


Sak 18/25 Budsjett 2025.
Gjennomgang av budsjett for 2025 med utgangspunkt berekna inntekter og utgifter.
Vedtak: Styret legger fram forslag til budsjett 2025 for godkjenning årsmøte


Sak19/25 Arbeidsplan 2025.
Gjennomgang av arbeidsplan for 2025. Styret planlegg ny aktivitetar for 2025.
Vedtak: Arbeidsplan for 2025 utarbeidast og blir lagt fram for årsmøte.


Sak20/25 Søknad økonomisk støtte frå «Norske filtmakarar»
Det er komet søknad frå Norske filtmakarar som er ein foreining for profesjonelle filtmakarar. Norske filtmakarar feirar nå 30 år, og i den forbindelse feirast det med ei jubileumsutstilling i Grieghallen i Bergen 22. mars til 9. april 2025.  I den forbindelse søker dei om støtte på kroner 6 000,-.
Vedtak: Hordaland Sau og Geit støtter søknaden med kr. 6.000.-.


Ymse: Neste styremøte fredag 28. feb. kl. 14.00.