Referat styremøte 19. jan
Referat styremøte HSG 19. januar 2025. Stad: Teams.
Med i møte var: Reidar Kallestad, Ola Steinsland, Kato Hilleren, Svanhild Aksnes, Kristina Jordalen og 1. vara Mons Kjetil Vevle.
Sak 06/25 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Vedtak: Godkjent
Sak 07/25 Godkjenning av referat styremøte 7. januar.
Vedtak: Godkjent
Sak 08/25 Orienteringssaker:
• Søknad om økonomisk støtte til sekretær
Kristina har ansvaret for søknadene som er gått ut. Så langt er det 3 positive tilbakemeldingar. Har kontakt med fleire men ikkje fått tilbakemelding ennå.
• Orientering frå møter Reidar har deltatt på
Reidar frå HSG i saman med Sogn og Fjordane Sau og Geit har vert på Teams møte med Statsforvaltaren i Vestland der tema var:
- Beitebruk- ønsker at fleire beitebrukarar
- Alle bør bli med i organisert beitebruk
- Laushund
- Rovvilt
- Litt færre slepte dyr i 2024 i forhold til 2023
• Arbeidet med årsmeldinga
Arbeidet er godt i gang mykje er på plass men ventar på at resten skal komma inn. Annonser til årsmeldinga er og bra så langt. Svanhild følger dette opp.
• Kostnad for deltakarane til årsmøte
Gjennomgang på kostnad for lokallag ved deltaking til årsmøte i HSG. HSG tar ein del av kostnaden for lokallaga. Så priser i innkallinga til årsmøte.
• Innspel til styret frå Svanhild
Svanhild hadde meldt inn to saker til styremøte, forslag om saker til årsmøte i NSG.
Sak 1. kostnad for familie ved å vara medlem i NSG. Denne saka var oppe under årsmøte i NSG 2024. Styret meina det er litt tidleg å ta saka opp att nå.
Sak 2. Tilgang til å lesa bladet Sau og Geit uansett type medlemskap i NSG. I dag er det berre hovudmedlem og dei som abonnera på bladet som har tilgang.
Denne saka spelar HSG inn til årsmøte i NSG.
• Innkomne saker til årsmøte HSG
Har lokallag sak/saker ein ønsker å senda inn til årsmøte HSG må det vara innkomne til styret innan 25. februar til: postmottakhsg@outlook.com
Sak 09/25 Søknad frå Voss Sau og Geit.
Voss Sau og Geit saman med Vaksdal, Vossestrand, Ulvik og Indre Hardanger arrangera større fagmøtemøte 25. mars og søker HSG om støtte på kr. 10.000.-
Vedtak: Styret støttar søknaden med kr. 10.000.-.
Ymse: Neste styremøte:
Søndag 26. januar om behov.