Referat styremøte 2. feb
Referat styremøte HSG 2.februar 2025. Stad: Teams.
Med i møte var: Reidar Kallestad, Ola Steinsland, Kato Hilleren, Svanhild Aksnes og Kristina Jordalen. 1. vara møtte ikkje.
Sak 10/25 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Vedtak: Godkjent
Sak 11/25 Godkjenning av referat styremøte 19. januar.
Vedtak: Godkjent
Sak 12/25 Orienteringssak:
• Arbeidet med årsmeldinga
Fortsatt noko som manglar. Det meste er på plass. Må purra på det som ikkje er kommet inn og aller siste frist er 8. februar.
• Program årsmøte:
Gjennomgang av program til Årsmøte. Venter på tilbakemelding frå ein person som er spurt om å halde innlegg fredagen. Elles er alt ok.
• Arbeidet med Jordbruksforhandlingane 2025
Har fått tilbakemeldingar frå ein del lokallag. Arbeidet med innspel vil bli gjennomført i eige styremøte 13. feb.
Sak 13/25 Innspel til NSG til dei tre nasjonale prisane – Gjetaren, Gromsauen, og Lykleprisen.
Denne anmodninga frå NSG kom berre for nokre dagar sidan. Difor har det blitt lita tid til å sjå etter personar som er aktuelle.
Vedtak: Styret har diverre ingen aktuelle kandidatar til desse nasjonale prisane.
Sak14/25 Digitalt fagmøte med FKRA v/ Ådne Undheim med tema «Fòring av sauen fram mot lemming = korleis ruste sauen for lemming og laktasjon?»
Felleskjøpet Rogaland og Agder har sagt seg villig til å halda Teams- møte om dette tema for medlemmene i HSG. FKRA skal melde tilbake når dei har ein aktuell kveld. Vedtak: Sender ut e- post til alle medlemmene med info om møte når alt er på plass. Ønsker å få dette til i veke 7.
Ymse: Neste styremøte 13. feb. kl. 10.00