Referat styremøte 24. juni
Referat styremøte HSG 24. juni
Stad: Haljem Kafe, Os
Hordaland Sau og Geit
Referat styremøte tirsdag 24. juni 2025.
Stad: Halhjem Kafè, Os
Med i møte: Reidar Kallestad, Ola Steinsland, Kato Hilleren, Svanhild Aksnes Botnen, Kristina Jordalen, leiar gjetarhundutvalet Audun Seilen og leiar avlsutvalet Tore Atle Sørheim. 1. vara Randi Frette meldt forfall.
Sak 36/25 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Vedtak: Godkjent.
Sak 37/25 Godkjenning av referat styremøte 3. april.
Vedtak: Godkjent.
Sak 38/25 Referatsaker
• Oppfølging og oppdatering av medlemslister. Kor langt er NSG kommet?
Styret har i lengre tid arbeidt med og få e- post adr. frå medlemmene. Lokallaga har vet sentrale her. Alt som er komet tilbake er sendt NSG sentralt for oppdatering.
NSG har meldt til HSG at deias arbeid er gjennomført.
Det er ennå mange medlemmer som ikkje ligg i medlemsliste med e- post adr.
• Oppfølging av medlemmer som ikkje har betalt kontingent tor 2025
Organisasjonen er avhengig av medlemmene. Difor ber HSG lokallaga om og sjå etter om det er medlemmer som ikkje har betalt. Lokallag som har medlemmer som ikkje har betalt for 2025, ta kontakte dei dette gjelder.
Per dato er det 60 medlemmer som står som ubetalt i Hordaland.
• Budsjett og økonomi 2025
Ola Steinsland hadde ein gjennomgang av økonomien i HSG. Ola har kontakt med Voss Sparebank og fått nye avtalar for HSG sine kontoar.
• Etter årsmøte i NSG
Gjennomgang etter årsmøte i NSG og påfølgande sak med ekstra årsmøte med sak: «Val av 2.. vara til styret».
Reidar gjekk gjennom kva som var gjort feil under årsmøte og kva som er gjort etter og fram til endeleg vedtak. HSG regerar på at personar frå administrasjonen i NSG ringte rundt til fylkeslaga for å få kandidatar som var spelt inn til å trekk dei. Dette har ikkje administrasjonen nok med og må halda seg langt unna dette arbeidet. Heller ikkje metoden for avstemming i ekstraordinert møte var avstemminga heller ikkje bra.
• Etter ny jordbruksavtalen 2025
Ny jordbruksavtale ligg føre. Den viser at det er ein del endring blant anna på kvalitetstilskotet mellom gode og svake lam.
• Tunge raser kjem ok ut.
• Lette rasar kjem svakare ut.
Sender ut til alle medlemmer meir info. Har fått tilsendt god oversikt på endringar frå Nortura som HSG vil dela med medlemmene. Sjå under for ein oppsummering av dei viktigaste endringane.
Sak 39/25 Info frå Gjetarhundnemnda og Avlsutvalet:
Gjetarhundnemnda v/Audun Seilen
Audun orienterte frå gjetarhund:
• Fellestreningar
• Prøvar: 9 stk. kl. 1, 6 gjennomført, 6 stk. kl. 2, 3 gjennomført, 11 stk. kl. 3, 4 gjennomførte
• Stor aktivitet med DP Osterøy alle klassar 41 startande.
• Norgesserien Romarheim august og Eidfjord september.
• FM Kvam okt.
Saker det arbeidast med:
• DKV reglar, sender skriv til NSG
• Organisering gjetarhund pågår
• Arbeid med instruktørar og dommarar utanfor fylket
• Held ein del kurs for andre fylke
Meir oppdatering finner du på HSG sin heimeside: https://www.nsg.no/hordaland/gjeterhund/hordaland-gjetarhundnemnd/
Avlsutvalet v/Tore Atle Sørheim
Tore Atle orienterte etter GS: Fortsatt forholdsvis store endring i indeksen (variasjon).
Kan dette føra til mindre lam til kåring frå medlemmer som ikkje er med i ring på grunn av dette.
Dommarsamling i siste del av august, arbeider med dato og stad.
Er det lokallag som har personar/medlemmer som vil bli dommarar, ber avlsutvalet om at lokallaga melder inn til Tore Atle Sørheim på e- post: tore.atle.sorheim@akersolutions.com
Sak 40/25 Oppfølging av arbeidsplan 2025
Oppfølging av arbeidsplanen. Her er det sett opp 2 teams- møter med tema «Klassifisering av slakt» og møte med tema avl. Synleggjera effekten ved å kjøpe kåre lam eller ind. vær.
Vedtak: Begge teams-møte i august. Avtaler med Morten Røe i Animalia for dato kring 20. aug. Har avtale med Morten Munkeby, avklarar dato rundt 25. august. Informera medlemmene når datoar er sett.
Sak 41/25 Avtale med sekretær og økonomisk støtte til sekretær
Etter at Nortura har sagt opp avtalen gratis sekretær har HSG og vert ute og spurt etter økonomisk sponsing hos mange bedrifter. Så lang er det Felleskjøpet Rogaland Agder og Fatland som har svara positivt. HSG har spurt Karluf Håkull om han kan utføra sekretær arbeidet.
Vedtak: Bedrifter som støtta HSG skal få sponsorplass på heimesida til HSG.
Det er laga avtale mellom HSG og Karluf Håkull om gjennomføring av sekretærarbeidet ut 2026.
Sak 42/25 Program/stad for fagsamlinga 25. – 26. okt. 2025
HSG planlegg å endra på det tradisjonella leiarmøte som har vert hold i oktober kvart år. I dei siste åra har dette møte blitt meir fag og nå ønskjer HSG og gjere dette til eit reint «Fagmøte». Har arbeida me kor ei slikt møte bør vara. HSG ønsker å legga dette i eit områd slik at det er lett å få med mange medlemmer.
Vedtak: Fagsamlinga er 25. – 26. oktober 2025. Stad: Fleischer Hotell Voss.
Programmet er under arbeid, mange av deltakarane til møte har svara ja til å delta. HSG legger ut program, pris (deltakaravgift) og påmelding på heimesida så snar det er klart.
Sjå: Fagsamling for sauebønder i Hordaland, kvar haust, for alle - Norsk Sau og Geit
Ymse:
Rogaland Sau og Geit skal halde infomøte for sine medlemmer med tema «Blåtunge» 25. juni på Teams. Dette tema er aktuelt for Sveio og Etne då dei er i same sone som Rogaland. Karluf tar kontakt med RSG og sender ut invitasjon til lokallaga Sveio og Etne.
Reidar Kallestad gjekk gjennom saksliste til styremøte i NSG
Neste styremøte 4. august kl. 20.00. stad teams.
Referent
KH
Vedlegg
Oppsummering etter endringar i ny jordbruksavtale:
Endring i kvalitetstilskot for lammeslakt:
• Lam klasse O og mindre uansett vekt kr 0,- ingen endring
• Lam klasse O+ og betre under 11,0 kg - kr 555 pr lam, ny sats: kr 0,-
• Lam klasse O+ og betre 11,0 til og med 15,0 kg - kr 221 pr lam, ny sats: kr 334,-
• Lam klasse O+ og betre over 15,0 kg + kr 159 pr lam, ny sats kr 714,-
Samla aukar ordinært kvalitetstilskot til lam med kr 79,7 mill
Auka tilskot for avløysing til ferie og fritid (teljedato 1. mars):
• Sau + kr 24, ny sats kr 614 pr sau
• Ammegeit: + kr 31, ny sats kr 796 pr ammegeit
Makssats pr føretak: + kr 5 367 ny sats kr 139 542
Utmarksbeitetilskot, småfe:
+ kr 35 pr dyr, ny sats kr 581 pr dyr på utmarksbeite
Beitekrav: 5 veker på utmarksbeite
• Beitetilskot, småfe:
+ kr 10, ny sats kr 131 pr dyr på beite
Beitekrav: Sone 1-4: 16 veker, sone 5-7: 12 veker
Auka tilskot kje slakt:
• + kr 150, ny sats kr 650 pr kje slakt over 5,0 kg
Tilskot til økologisk jordbruk, auka lammeslakttilskot og
arealtilskot 1. års karens, uendra husdyrtilskot og arealtilskot
• Lammeslakt:
– + kr 50 til kr 100 pr slakt klasse O+ og betre og 11,0 kg og meir
• Arealtilskot:
– Innmarksbeite og anna økologisk areal, kr 50 pr dekar
• Økologisk areal 1. års karens: + kr 5 til kr 305 per dekar
• Økologisk husdyrtilskot:
– Per sau født året før: kr 500
– Per ammegeit: kr 265
Investeringsstøtte til sauefjøs?
Bedriftsretta investeringsmidlar til investering og utvikling
Ramme auka med 40 mill. til kr 1 312,5 mill.
Når gjeld den ny jordbruksavtale frå?
• Dette står på Landbruksdirektoratet sine heimesider:
• Den perioden jordbruksavtalen gjelder for, kallas et «jordbruksavtale år».
• For målprisen gjelder avtalen frå 1. juli inneverande år til 30. juni påfølgande år.
• For det samlande bevilgningsnivå, over statsbudsjettets kapittel 1150 og kapittel 4150 (til
gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.), gjelder avtalen for påfølgande kalenderår.
Det betyr at nye satsar gjeld frå 1/1 2026. Dette gjeld også pristilskot
som slakteria betaler ut på vegne av staten
(unntak kvalitetstilskot til storfe i år som gjeld frå 1/7.)
Det betyr at endringar i distrikts- og kvalitetstilskot gjeld frå 1/1 2026.
Ut frå dette vil eit bruk med 130 v. s. tung rase auka inntekta med ca. kr. 40.000.-
Buskap med lett rase, 130 v. f. går i ca. kr.0.-