Referat styremøte 28. feb
Referat styremøte HSG 28. februar
Stad: Quality Hotell Edvard Grieg
Referat styremøte HSG fredag 28. februar.
Stad: Quality Hotel Edvard Grieg.
Med i møte var: Reidar Kallestad, Ola Steinsland, Kato Hilleren, Kristina Jordalen, Svanhild Aksnes Botnen og 1. vara Mons Kjetil Vevle.
Sak 21/25 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Vedtak: Godkjent
Sak 22/25 Godkjenning av referat styremøte 19. januar.
Vedtak: Godkjent
Sak 23/25 Gjennomføring av årsmøte 2025 i lag med ordførar i årsmøte Ove Holmås. Møteleiar i årsmøte Ove Holmås var kalla inn til denne saka. Gjennomgang av årsmeldinga og fordeling av arbeidsoppgåver.
Vedtak: Styret fordeler arbeidet med presentasjon av årsmelding og rekneskap. Same gjelder framlegging av budsjett for 2025 og arbeidsplan 2025. Gjelder og registrering ved frammøte til årsmøte diverse arbeid under årsmøte.
Sak 24/25 Søknad frå Masfjorden Sau og Geit om støtte til kjøtt i skulen. (sjå e- post) Masfjorden Sau og Geit søker HSG om økonomisk støtte til arbeidet dei har hatt i forbindelse
med kjøtt i skule 2024. MSG har hatt denne aktiviteten i mange år. For 2024 har MSG hatt ein kostnad på kr. 5.000.- som dei nå søker støtte for.
Vedtak: HSG støttar Masfjorden Sau og Geit med kr. 5.000.-.
Ymse
Ref:
K Håkull