Referat styremøte HSG onsdag 18. februar.

Stad: Teams

Med i møte: Reidar Kallestad, Ola Steinsland, Kato Hilleren, Svanhild Aksnes og Kristina Jordalen. 1. vara Randi Frette meldte forfall.

Sak 04/26 Årsmøte 2026, program/påmelding
Bra påmelding, berre 2 lokallag som ikkje er meldt på. Har fått endring frå NSG der Marthe Lange-Ree møter for Ketil Trongmo. Reidar snakkar med ho angåande tema på innlegg.
Vedtak: Karluf held kontakten med hotellet og Reidar med Marte Lange-Ree.

Sak 05/26 Årsmeldinga 2025
Alt som skal vara med i årsmeldinga er sendt trykkeriet. Har fått tilbake fyrste gong for gjennomgang.
Vedtak: Karo Hilleren tar kontakt med trykkeriet for å nesteutkast til gjennomgang så raskt som mogleg.

Sak 06/26 Forslag til budsjett 2026
Styret har utarbeida forslag til budsjett for 2026. Dette forslaget blir lagt fram for Årsmøte.
Vedtak: Styret legger fram forslag til budsjett for 2026 med eit overskot på kr. 71.000.-.

Sak 07/26 Forslag til arbeidsplan 2026
Styret har utarbeida forslag til arbeidsplan for året 2026. I plane blir det lagt opp til fleire Teams møter med aktuelle tema.
Vedtak: Styret legger fram for Årsmøte forslag til arbeidsplan for 2026.

Sak 08/26 Vervekampanje 2026
NSG legger opp til stor nasjonal vervekampanje i 2026. I Hordaland er det ca. 800 som søker produksjonstilskot som ikkje er medlemmer.
Vedtak: Styret startar arbeidet med dette etter årsmøte. Det nye styret i HSG skal planlegga og gjennomføre vervekampanjen.

Ymse: Arbeider med å få til eit Teams- møte straks med tema: Rett fôring etter fosterteljing og fram til beiteslepp. Reidar tar kontakt med rådgivar hos FK Agri.

Neste styremøte:
Neste styremøte 27. februar kl. 13.00. Stad Hotell Edvard Grieg