Hei
Det siste året er det registrert fem forskjellige individ av jerv sør på Hardangervidda og i Setesdal Ryfylkeheiane.
Eg er tilsett som rovviltkontakt i Hardanger-området, og ynskjer å nå ut til flest mogeleg beitebrukarar i desse områda, slik at dei får informasjon om kva ein skal gjere om ein finn kadaver eller sportegn frå store rovdyr.
Vedlagt er eit informasjonsskriv og ein presentasjon om dette, som eg håpar dykk kan sende ut til dei beitelaga som de veit har beitedyr i faresona.
Dette er også aktuell informasjon til alle med husdyr på beite som vært råka av store rovdyr, og eg oppfordrar alle som mistenker skade eller kjem over sportegn om å ta kontakt med nærmaste rovviltkontakt.

Kontaktinformasjon finn ein her:
https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/statens-naturoppsyn/kontakt-statens-naturoppsyn/

Beste helsing
Eirik V. Dørheim
Fjelloppsyn
Tlf. 48270778