Ikkje såg det ut til at nokon tok skrekken av at det var både "nordingar" og "søringar" på Stend denne kvelden då Åsane Sau og Geit, samt Fana, Os, Arna Sau og Geit hadde historisk møtedag.

Kjekke folk frå Fana, Os og Arna?

Kjekke folk frå Åsane?             

Det heile starta med at kvart lag hadde kvar sine Årsmøte der det vart vedteke at laga skulle slåast saman til eitt.
Deretter bar det inn i fellesrommet att, og det var tid for både namneval og ikkje minst styreval.
Resultatet? 

Bergen og Os Sau og Geit

Leiar: Kristin Semb Gjerde

Styremedlem vald for 2 år: 
Rune Lilletvedt
Jon Vik

Styremedlem vald for 1 år: 
Norvald Haugland
Kåre Engeseth

Varamedlem:
Sveinung Hitland
Simen Skjoldal Vik

Litt erfaringsutveksling?


Etter val og litt samtale kring samanslåinga var det bokstaveleg talt duka til feiring!
Påsmurte rundstykker, kaffi, wienerboller. Ja, kva meir kan ein sauebonde ynskja seg ein feitetysdagskveld?

Gildet enda med fagleg innslag om det "nye" innvollsormbehandlingsregimet som det har vore ein del diskusjon rundt.
Veterinær, Kristin S. Gjerde, leia oss trygt gjennom, og ein fekk utveksla både erfaringar og koma med spørsmål.

No vert det spanande med nytt lag, nytt styre, og kanskje noko nytt arbeid også?
Du er velkomen til å verta med i laget (dersom du ikkje allereie er det)!