I tillegg til årsmøtesakene vert det fagleg innslag om snyltarbehandling ved veterinær Kristin Semb Gjerde. 

Vi skal og ha ein runde med innspel til og diskusjon rundt dei komande jordbruksforhandlingane. Her har du høve til å påverka økonomien i sauehaldet. Vi sender ut skjema med aktuelle satsar og område slik at du kan førebu deg.

Det vert info og diskusjon om aktuelle aktivitetar i 2022 og vi serverer noko å bita i. 

Innkalling og sakliste kjem ein av dei første dagane.