Prosjektet Ny Giv vart offisielt starta februar 2013, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Nortura, Fatland, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Landbruksrådgjevinga og Hordaland Sau og Geit.
Målet med prosjektet er å få fleire lam til slakt!
Eit mål som skal stå "i stil" med Stortinget si vedteke Landbruks- og Matmelding.

Tidlegare i vinter og vår har det mellom anna vore oppstartsmøte med informasjon om Ny Giv, vårmøte og byggmøte.
Denne hausten er det møter om grovfôrsituasjonen som står for tur, og vi i Bergen & Os Sau og Geit er så heldige at Svanhild Aksnes tek turen på besøk til oss.

På møtet vert det sett fokus på grovfôrsituasjonen og rådgjevinga om vinterfôring. 
Mange har i år hausta mindre grovfôr enn normalt, og med målet om å auka produksjonen av lammekjøt i Hordaland, er det særs viktig at vi unngår reduksjon av søyetal.

Du kan forventa deg: 

  • Informasjon frå Ny Giv.
  • "Grovfôrstrategiar og økonomi i vinterfôring av sau"
    v/Norsk Landbruksrådgiving.
  • "Fôrmidlar til sau ved ulik grovfôrtilgang"
    v/Felleskjøpet.

Lurer du på kva som kan vere god økonomisk fôring i ein krevjande grovfôrsituasjon?
Ta turen til Stend og få svaret?

VELKOMEN torsdag 17.oktober kl.19!