Vel 2000 store og små tok turen til Stend Jordbrukskule denne dagen. Her fekk dei helsa på dyra og kosa seg i det flotte været. Sauelaget arrangerte saueklypping og hadde tippekonkurrase på ullvekt og vekta på ein vaksen sau. 28 utstillarar med 130 lam stilte til kåring. Det var mange gode lam som no skal bidra til framgang i saueavlen. Det vart delt ut premiar til dei beste lamma innan kvar rase. Takk til gjevarane av flotte gåvepremiar.