Mette og Torbjørn Midtun har invitert oss til beitevandring på bruket deira innst i naturskjønne Haugsdalen. Vi går ein tur i beitet deira og har fått med oss Lise Austrheim frå Norsk Landbruksrådgiving. Ho vil visa oss kva som kan gjerast for å få gode beite og svara på spørsmål om stell av beite, gjødsling og kalking. Etter beitevandringa vil sauedommar Simen Skjoldal Vik ta fram nokre værlam og visa oss kva vi skal sjå etter når vi skal plukka ut lam til kåring, eller kjøpa slike. 

Det vert kaffe og noko og bita i. Ta turen til Hausdalen denne kvelden og få fagleg og sosialt påfyll.

Her finn de møteplassen.