Forslag til lokal forskrift om utvida bandtvang for hund
Bjørnafjorden kommune har laga forslag til forskrift om utvida bandtvang frå 20. august til 31. oktober. Vi har sendt høyringsvar til forslaget.
Bandtvang er eit av dei tiltaka som kan redusera tilfella der hund skader og drep sau og geit. Norsk Sau og Geit kartlegg hundeskadar på småfe for å bidra til betre førebyggande tiltak. Det er difor viktig at vi melder inn slike skadar til NSG. Les meir om dette her.
På Bjørnafjorden kommune si nettside kan de sjå forslaget til utvida bandtvang og dei høyringsvara som er sendt inn.
Her er vårt høyringsvar. Høyringsuttale frå Bergen og Os Sau og Geit
Gjetarhund i arbeid under konkurranse