Fylkesleiaren i Sau og Geit
Det nyaste nummeret av Sau og Geit er komen i postkassane rundtom i det ganske land, og midtsidepiken (i alle fall nesten) denne gongen er ingen ringare enn "vår eigen", Nils Inge Hitland.
Fylkesleiaren i Hordaland Saug og Geit set avlsarbeidet i søkelyset, og kjem med eigne erfaringar, tips og kommentarar til det som har vorten gjort i mange år, og kva som kan hende fungerer betre i 2013.
I den tid deler av laget vårt heitte Fana, Os, Arna Sau og Geit, var vi så heldige å ha Nils Inge med oss på eit medlemsmøte der han prata om nettopp dette.
Her finn du PowerPoint-framsyninga frå det møtet.
Har du enno ikkje fått bladet i posten?
Fortvil ikkje: Dersom du har medlemsnummeret ditt (det finn du m.a. på medlemskortet) kan du no logge deg inn og lese heile bladet på nett.
Direkte link til sida ligg også på venstresida på vår heimeside (under menyen, kalendaren og siste publiserte artiklar).