Medlemsmøte m/Ny Giv!
Første medlemsmøte hausten 2013 står for dørene, og mykje godt program og mat er på tapetet.
Sett av torsdag 17.oktober kl.19 i kalenderen, og legg kvelden til Stend vidaregåande skule for fagleg og sosialt påfyll!
Norsk Landbruksrådgjeving Hordaland, Felleskjøpet, samt Svanhild Aksnes frå Fylkesmannens landbruksavdeling, vert med oss og kjem med nyttig stoff om Grovfôr og grovfôrsituasjonen!
Prosjektet Ny Giv vart offisielt starta februar 2013, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Nortura, Fatland, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Landbruksrådgjevinga og Hordaland Sau og Geit.
Målet med prosjektet er å få fleire lam til slakt!
Eit mål som skal stå "i stil" med Stortinget si vedteke Landbruks- og Matmelding.
Tidlegare i vinter og vår har det mellom anna vore oppstartsmøte med informasjon om Ny Giv, vårmøte og byggmøte.
Denne hausten er det møter om grovfôrsituasjonen som står for tur, og vi i Bergen & Os Sau og Geit er så heldige at Svanhild Aksnes tek turen på besøk til oss.
På møtet vert det sett fokus på grovfôrsituasjonen og rådgjevinga om vinterfôring.
Mange har i år hausta mindre grovfôr enn normalt, og med målet om å auka produksjonen av lammekjøt i Hordaland, er det særs viktig at vi unngår reduksjon av søyetal.
Du kan forventa deg:
- Informasjon frå Ny Giv.
-
"Grovfôrstrategiar og økonomi i vinterfôring av sau"
v/Norsk Landbruksrådgiving. -
"Fôrmidlar til sau ved ulik grovfôrtilgang"
v/Felleskjøpet.
Lurer du på kva som kan vere god økonomisk fôring i ein krevjande grovfôrsituasjon?
Ta turen til Stend og få svaret?
VELKOMEN torsdag 17.oktober kl.19!