Nyttig og godt fjøsmøte på Stend
Godt frammøte med engasjerte deltakarar, og viktig fagleg påfyll frå ein flink "lærar", gjorde fjøsmøte på Stend til ein god kveld.
Per Johan Lyse hadde haldvurdering og klauvskjering føre seg som tema. Begge er viktige for god dyrevelferd og stor produksjon. At sauen har rett hald, ikkje er for tynn og ikkje for feit, påverkar både helsa og produkjonen kanskje meir enn mange er klar over. Her finn de meir info om haldvurdering, tiltak og samanhengar: Nortura fagbibilotek
Mat og kaker smakte, og som vanleg gjekk praten livleg føre seg når sauefolk samlast. Takk til Per Johan Lyse for godt fagleg påfyll og til Stend som alltid tek vel i mot oss.
På bilete ser vi Per Johan testa den nye behandlingsstolen til Stend i samband med klauvskjering.