Hovudtema for denne fagdagen er korleis vi med ulike førsetnader kan produsera gode lam og ha friske og haldbare dyr.

Til å hjelpa oss med innspel og gode råd for å oppnå dette har vi vore så heldige å få besøka Gjermund Seim m/familie og Kristina Jordalen og Ivar Haug.

Gjermund Seim m/familie driv eit småbruk i starten på Dyrvedalsvegen. Dei har 85 lamsøyer, i hovudsak NKS men og nokre spælsauer. På trass av liten driftsbygning er produksjonen effektiv og høg. Dei har mange kopplam og desse oppnår dei imponerande resultat med. Dette året slakta dei i midten på august med snittvekt på 24,1kg. Korleis økonomien er i denne produksjonen vil Gjermund fortelja meir om, men vi kan røpa at den er svært god. At søyene har færre lam med seg til fjells gjev og gode resultat på dei som vert slakta rett frå fjellet. Dette året 23,4 kg. Gjermund vil gje oss innblikk i produksjonen dei har og her er det berre å gle seg for dei som er ute etter nyttige tips.

Etter besøket hjå Gjermund og familien reiser vi inn på Vangen og et lunsj som sauelaget spanderer.

illustrasjonsfoto

Etter lunsj reiser vi på fjøsbesøk hjå Kristina Jordalen og Ivar Haug i starten på Bordalsvegen. Dei er sauebønder på heiltid med ca 170 spælsøyer. For nokre år sidan bygde dei ny sauefjøs. Kristina er sauedommar og saueklippar. Dei vil visa oss fjøsen sin og sei litt om løysingane dei har valt. Kristina vil gå gjennom kva kriterier vi bør ha fokus på når vi vel ut saulam til påsett.

Vi har lagt opp til at vi kjøyrer med privatbilar og at vi organiserer samkjøyring så lagt det let seg gjera. Vi møtest ved rundkjøyringa på Trengereid kl 09.20 og kjøyrer samla derifrå kl 09.30.

Påmelding til BergenOsg@outlook.com eller ring 91307371 innan fredag 23. oktober. Oppgje om de har plass til fleire i bilen, eller om de treng skyss.

Helsing styret