Velkomen til vårmøte tirsdag 17. mars kl 19.00
Det nærmar seg lamming. Korleis kan vi forbereda oss slik at vi har flest mogleg gode lam til hausten?
Vi inviterer til vårmøte i fjøsen på Stend med foredrag om grovfôrkvalitet, val av kraftfôr og tilskot v/Anders Borgen Brekke frå Felleskjøpet. Han vil og visa oss uttak av grovfôrprøve, og sei litt om korleis vi kan bruka analyseresultata frå denne. Andre tema denne kvelden vert haldvurdering, gruppering før lamming, og anna som kan hjelpa oss til eit godt resultat i lamminga. Vi byr på pizza og og håper på godt frammøte. Fint om vi får tilbakemelding på kor mange som kjem. Trykk her for påmelding eller ring 913 07 371.
Med venleg helsing styret
