Årsmelding for Bømlo sau og geit 2012

 

Styret i BSG 2012: Leiar          Ivar turøy                  

                                 Nestleiar   Magne Mæland

                                 Kasserar    Arvid Mathiassen

                                  Sekreter   Ola Steinsland  

                                 Medlem     Kjell E Digernes                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                    

                                

Det har vert 3 styremøter i meldingsåret, og det er behandla  15 saker.

I tillegg er ein del saker diskutert på tlf.

Medlemstalet var ved siste årskifte 57 stk

Deltaking på møter:

Ola reiste på Fylkesårsmøte på Voss i februar.

Deltatt på to møter med Slettebø Ifb me landbruksdagar og anna info

 

Laget har arangert eit fjosmøte i haust. Hilde Håland  frå Fatland Ølen var med.Det var meget  godt oppmøte  ca 50 stk  var innom fjosen til Magne denne kvelden. 

Julamøte i desember, Olav Håvardsholm var med og snakka om økonomi i Sauehaldet og  ulike driftsmåtar. Etterpå var det servering av Julagrøt.

 

Landbruksdagen var arangert i år etter same mal som året før.Det ser no ut som det nye opplegget med rigging på fredagen og arangemanget på laurdagen fungerer fint for alle lag.

Laget har begynt å bruka heimesida meir aktivt,( nsg.no.fylkeslag.lokalag).      Her kjem det meir info i 2013, målet er at medlemmer skal kunne finna info om det som er på dagsorden lokalt og på fylkeslag/landslag.

Styret har organisert ullinsamlig  vår og haust.     Laget får godtgjersle på kr 0,85 pr kg som blir sammla inn

Kåring av verlam vart arrangert ved innkjøpslaget. 7 utstillarar deltok med tilsaman 45 lam, 38 blei kårte.    Også i år var det nye utsillarar med.                 Bømlo er den kåringsplassen i Hordaland der det blir kåra flest lam av kjøttrasane.

Styret takkar medlemmane for sammarbeidet i 2012. ekstra takk til dei som stiller opp når det trengs ei hand ifb med møter ,kåring, ullinsamling , landbrukdagar osv.

 

For styret

Ola Steinsland