Årsmelding 2013
Årsmelding for Bømlo sau og geit 2013
Styret i BSG 2013: Leiar Ivar Turøy
Nestleiar Magne Mæland
Kasserar Arvid Mathiassen
Sekreter Ola Steinsland
Medlem Kjell E Digernes
Det har vert 1 styremøter i meldingsåret, og det er behandla 10 saker.
I tillegg er ein del saker diskutert på tlf.
Medlemstalet var ved siste årsskifte 55 stk
Deltaking på møter:
Ivar og Ola reiste på Fylkesårsmøte I Kvam i februar.
Ivar deltok på leiarmøte i Bergen oktober
Deltatt på to møter med Slettebø Ifb me landbruksdagar og anna info
Laget har i meldingsåret starta opp med mandagstreff, første mandagen i månaden. Dette tiltaket har vorte svert godt motatt. Etter at me i haust kom skikkeleg i gang, møte no melom 15 og medlemer på desse treffpunkta. Det er viktigt å ha nokre treff pungt der me kan samlast. Fint vist medlemmane kan komma med innspel til kva me skal ta for oss på desse treffa
Landbruksdagen var arangert i år etter same mal som året før. Det ser no ut som det nye opplegget med rigging på fredagen og arangementet på laurdagen fungerer fint for alle lag.
Laget har i år lagt ut 11 saker på heimesida. Desse sakene er lest av over 700 personar. Dette visar at me når ut til mange ved å publisera saker på denne måten. I tilleg til at medlemane kan holda seg orientert om saker/ hendinga lokalt kan ein også få ein oversikt over kva som røre seg på fylkesplan eller sentralt ( nsg.no.fylkeslag.lokalag).
Styret har organisert ullinsamlig vår og haust. Laget får godtgjersle på kr 0,85 pr kg som blir sammla inn Det er samla inn/levert ca 12200 kg
Kåring av verlam vart arrangert ved innkjøpslaget. 9 utstillarar deltok med tilsaman 38 lam, 27 blei kårte. Også i år vart det kåra lam av mange rasar Bømlo var også dette året den kåringsplassen i Hordaland der det blir kåra flest lam av kjøttrasane.
Styret takkar medlemmane for sammarbeidet i 2013. ekstra takk til dei som stiller opp når det trengs ei hand ifb med mandagstreffa ,kåring, ullinsamling , landbrukdagar osv.
For styret
Ivar Turøy