Det blir nytt kurs i bruk av gjetarhund på Bømlo vinteren 2019-2020. Instruktørar denna gong blir Svanhild og Jakob Markhus frå Skjold. Kurset blir på Finnås prestegard som året før og fyrste kurshelg blir rett før jul. Møt opp søndag 01.12.2019 kl 14.00 i "Katedralen" på Prestagarden. Der vil me få helsa på instruktørane og få litt tips om kva me kan/bør trena på fram mot kurset, kor mange helgasamlingar det blir, kva det vil kosta osv. Treng ikkje ta med hundar denne dagen. Det blir ei kort samling på ca 1-2 tim. Vél møtt alle som kan ha interesse av å høyra på, og til alle som har meldt interessa til å vera med på vinterkurset.