Kåring av værlam
Kåringa i år vert på Stord onsdag 26/9 kl 1000. i lag med laga fra Stord og Fitjar
I år prøver me med ei felleskåring på Stord. Kåringa blir i hall ved Tyse ridesenter. for å finna fram til Tyse kjører ein E39 forbi brua på Ådland og tar til høyre i første kryss mot Haga. etter kort tid kjem ein då til ei rundkjøring der ein tar til venstre, så føl ein vegen og privat skilting som viser kor arrangementet er. lamma som skal til kåring må meldast inn i god tid seinast dagen før. innmelding finn ein på NSG sine nettsider, eller ein tar kontakt med Nortura eller Fatland.
Oppfordrar alle til å lesa gjennom reglane for kåring som lig på HSG sine nettsider
Som før må kvar utstillar ha med seg eigne grindar til å stilla og dømma dyra i.
Husk at ein må ha lamma på plass i god tid før kl 1000
Prisen pr lam som vert stilt er kr 150..
Det vert høve til å kjøpa seg noko å bita i på staden.
Er det noko som er uklart kan dåke ta kontakt med Ola Steinsland.