Det vert kåring av værlam på Bremnes ved Bremnes innkjøpslag på fredag 2.10 kl 1400.

Lamma må meldast på til Karluf eller Hilde innan Torsdag kl 1200.Ein kan også melde dei på direkte på nettet

Kåringsavgifta er satt til kr 130 pr stilte lam.

Dei som skal stilla med lam, tar med seg eigne grindar. Lamma skal stå i kve på bakken og ikkje i hengar/transportkasse.

Lamma må vera på plass før kl 1400.

Litt om regelverket for kåring av lam:

 

1.    Minstekrav til sum kåringspoeng er 145 NKS og 140 for Kvit Spæl og Sjeviot

 

2.    Minstekrav til lammet sin eigen o-indeks (lamindeks)for NKS er 115, Kvit Spæl og Sjeviot 110

3.    Vektavvik skal ikkje inkluderast i sum poeng, men skal stå på kåringsseddelen

4.    Karakterskalaen for ullmengd, ullkvalitet, eksteriør og bein skal gå frå 5 til 10, med 6 som minstekrav for å verta kåra

5.    Det generelle minstekravet til kvaliteten på ullfellen er klasse 1 i Norsk Ullstandard (C1/F1)

6.    Minstekravet til lengde på ulla er 7 cm for crossbred og 15 cm for spælulla

7.    Rasekode for mor og far SKAL væra den samme som for lammet, om ikkje vert IKKJE lammet kåra

8.  Det SKAL takast margprøve av ulla for dyr med kvitull. Stereolupe stiller PC/dommarar med.

9   Halte/sjuke lam skal IKKJE kårast, men lam med td munnskurv/augnasjuke kan dømmast etter at ALLE andre lam er kåra (desse lamma skal stå på hengarar eller i god avstand frå dei andre dyra)

 

Det skal IKKJE kårast lam på dispensasjon av rasane NKS, Sjeviot og Kvit Spæl, men i  område der etterspurnaden etter kåringslam er stor i høve til tilbodet, kan dommarane kåra på ”dispensasjon” frå minstekrav til einskildpoeng eller sumpoeng på små rasar som Ryggja, Blæs,Suffolk,Farga Spæl og lignende, men dei dyra skal kårast etter dei spesielle kåringsreglene for hver rase/kåringstype.

Værer med helt kvit fell kan ikke kåres etter regelverket for flerfarga spæl og skal vrakes hvis de stilles til kåring etter dette regelverket .ref.regler får kåring av farga spæl

Kvalitetsmønstring.

Det vert inga kvalitetsmønstring på kåringssjåa i Hordaland i år.

Lilla sløyfeband vert som før, krav til lilla sløyfe er 35 poeng i dei vanlege rasane NKS,Kvit Spæl og Sjeviot.

 

 

Vel møtt

 

Styret