INVITASJON TIL KÅRINGSSJÅ

Bømlo sau og geit arrangerer kåringssjå for Bømlo, Fitjar og Stord Torsdag 24. september kl. 10.00 i ridehallen på Tyse.

 

Lamma skal vera tørre og må vera på plass seinast kl. 09.30. Hallen er open for mottak frå kl. 08.00. Ver ute i god tid.

 

Alle utstillarar har med seg eigne lettgrindar til å ha lamma i under kåringa. Det skal vera namn på kvar saueeigar sine bingar. Lamma skal ikkje forast i bingane.

 

Eigenerklæringsskjema skal leverast ved ankomst til hallen. Utan skjema- ingen kåring. Sjå lenkje: Utstillers egenerklæring ved kåring av sau 2026.pdf

Vert lagt i ein perm med skiljeblad Stord, Fitjar og Bømlo ved ankomst.

 

Innmelding kan gjerast på følgjande måtar:

 Elektronisk via webb. Følg lenkja: NSG - Norsk Sau og Geit - Saueavl

Innmeldingsfrist: Måndag 22. september.

Kåringsavgifta er kr 200,- pr. lam.

 

Informasjon om kåringsreglane finn du på denne lenkja: 

Kåringsreglene 2026 - Norsk Sau og Geit

Det er berre hovudmedlemmar i NSG som kan stilla lam til kåring.

Sal av rundstykker og drikke.

Vel møtt!

 

Helsing Styret i Bømlo sau og geit

v/Ola Steinsland

 

Dersom spørsmål kan du ringa meg på tlf. 91876370