Laurdag 9/1 kl 0900 blir det kurs i brenning /sviing av lyngheier på Mehus.

Arvid Mathiassen har fått Per Helle til å komma til Bømlo på laurdag for å visa oss korleis ein gjennomfører ein god og sikker brenning av lyngheier. Per Helle er lærar ved Tveit Vidaregåande skule og brannmann ved Nedstrand brannvesen.

Kurset startar med ein teoridel, der ein går gjennom ein del kriterier som må vera på plass før ein kan starta brenninga i terenget.

Etter dette vil det bli praktisk demonstrasjon på Mehus. då vil kursdeltakarane få prøva seg i praksis.

Er dette av interesse og noko du vil vera med på, eller er det noko meir du lurer på tar du kontakt med Arvid Mathiassen 91748806. innan torsdag 7/1 kl 1000.

 

Styret