Dark Overlay

Leiarmøte Stord 27-28/10

okt

Det vart i helga 27-28/10 arangert leiarmøte for HSG På Stord. Styret i Hsg med leiar Nils Inge Hitland i spissen hadde laga til eit spennande program. Laurdagen var det innleg fra Leiarane i Hordaland Bondelag og Hordaland bonde og småbrukarlag Det kom tydeleg fram at me i Hsg må bli flinkare med å komma med innspel/påvirknig til faglaga. Seinare laurdagen var Svanhild Aksnes fra fylkesmannen å orienterte om planane for å få opp saueproduksjonen. Dette er eit 3 årig prosjekt som HSG er eigar av. Søndagen var det innspel fra lokalag/ringar som orienterte om kva dei deriv på med, her var ting som me på Bømlo også må prøva å få til. Gjetarhundnemda hadde eit innleg der dei fortalde om opplegget for NM i gjetarhund på Voss som skal arangerast neste haust. Styremedlem i NSG Ove Holmås fra Kindås orienterte om Kva Landslaget holder på med, det var tydeleg at det var rovdyrproblematikken som Krevde/fekk mest resussar.