Mandagstreff 2/2 kl 1900
Årets første mandagstreff blir hos Arvid og Marit Mathiassen på Rubbestad 2/2 kl 1900.
På Mandag møtes me i fjosen til Arvid og Marit. Me har med oss Karluf Håkull fra Nortura den kvelden.
På mandag vil me ha fokus på holdvurdering av sau og foringsstrategi framover mot lemming,
I sit veke vart det på Bømlo scana ca 1800 sau for å finna ut kor mykje lam dei ber fram.
Målet for kvelden er at me skal få betre forståelse for kva hold sauene våras bør ha, samt læra meir om kor stort forbehov sauene har utifra anntal foster dei berpå og kva alder dei er i. ein sau i god stand er viktig med tanke på dyrevelferd og evna til å skaffa melk til lamma på våren.
Fint vist dåke lese dåke litt opp på holdvurdering,ønska hold grovforkvalitet og forbehov, før samlinga på mandag.
Det blir ein kopp kaffi, litt mat og forhåpentlegvis mykje drøs på mandag.
Velkommen. (styret)