Mandag 4/10 kan me igjenn få møtast til Mandagstreff. No er det  veldigt lenge sidan sist treff, så no håpar me at folk er klar for nokre trivelege kveldar utover hausten.

På Mandag møtes me i fjosen hos Jorunn og Rune. Me ser litt på påsettlamma deira og dei vil snakka litt om kva dei vektlegg ved utvalg av desse. dei vil også komma litt inn på korleis dei opplever at bruken av avkomstgranska værer i besettningen har vore med å forbedra produksjonen.

Velkommen til Nordtun.

 Kaffi og litt snadder vert det også

Mvh Styret