Mandagstreff 5/12
Det vert Mandagstreff med servering av julagraut i katedralen på Finnås hos Job Nedrebø 5.12 kl 1900.
Den årlege tradisjonen med servering av julagraut med tilbehør samt quiz på det siste medlemsmøte før jul fortsettjer i år også.
Mandag 5/12 kl 1900 samlast på I Katedralen på Finnås hos Job Nedrebøfor ein triveleg førjulskveld.
Utover graut, kaffikos og quiz ønsker styret at me kan få innspel på ting som må løftast fra mot neste år jordbruksforhandlingar.
Problemstillingar til diskusjon kan vera:
Korleis løfta økonomien i sauahaldet utan at produksjonen aukar for mykje?
Kva tåler markedet av prisauke på sau/lam
Kan det innførast kvotar på produksjonen?
Kva tilskotsordningar skal styrkast mest og kor mykje
Kva type bruk skal det sattsast på?
Kva må til for å sikkra drift på din grad i denne og framtidige generasjonar? osv.osv.
Fint vist dåke tenkjer i gjennom dette så får me litt å ta med oss inn mot innspela til jordbruksforhandlingane
Håpar du/dåke tar turen til Finnås på mandag. for ein triveleg førjulskveld