Mandagstreff med Årsmøte i Bømlo sau og geit
Det vert Mandagstreff med Årsmøte 7 mars kl 1900 i katedralen hos Job Nedrebø
Etter nok ein coronapause, kjøre på med eit nytt Mandagstreff den 7 mars.
Hilde Håland fra Fatland vert med oss.
Me startar kvelden med ein gjennomgang kring foring før lamming og haldvurdering av sau. Job stiller fjos og sau til disposisjon slik at me kan knytta teori og praksis saman den kvelden.
Etter fagøkta blir årsmøte for bømlo sau og geit gjennomført.
1. Val av møteleiar og referent.
2. Godkjenning av innkalling og sakliste.
3. Val av 2 medlemer til å skrive under møteprotokollen.
4. Årsmelding.
5. Rekneskap.
6.Handsaming av arbeidplan for 2022.
7. Innkomne saker
8. Eventuell innmelding i Haugaland gjeterhundnemd
9. Val av leiar
10. Val av styremedlemer
11. Val av tre varamedlemer til styre
12. Val av gjeterhundkontakt
13. Val av revisorer
14.val av ny valnemd.
Andre saker som skal opp på årsmøtet må vera styret i hende innan 1/3