Bømlo dyreklinikk ved Tone vil også i år bestilla inn doser for vaksinering mot toksoplasmose/kattesmitte/-kasting. dette må gjerast i desse dagar (siste frist for oss bønder vert  27/6 kl 1500).

Leveransen kjem til Norge frå New Zealand måndag 8. okt,  i veke 41 og må brukast opp i løpet av ei veke. Derfor må dyrlegane bestilla alt no, samt at dei og må planlegga vaksineringsbesøka i god tid for å unngå kostbart svinn.

Erfaringane med vaksineringa er veldig gode. Immuniteten er livsvarig så det er bare livlamma som må vaksinerast for kvart år. I uvaksinerte besetningar utan store utbrot på fleire år kan ein vurdera full vaksinering fysta året. prisen er ca kr 40 pr dose. Ta kontakt med Bømlo dyreklinikk for bestiling, eller vist det er noko dåke lurer på. Ein kan også finna god informasjon på Animalia.no.

Då vil eg ønska folk og dyr ein god sommar.

Ola Steinsland

BSG


.