"Sturlagut Jacobsen" fekk utmerking for beste risbitvær i Hordaland i 2011. Med ein o-indeks på 138 er han også ein av dei beste spelværane i Noreg for tida!

Den andre væren er ein 2008-modell, og har namnet "Sofus". Den vart først brukt i ring 143 i to sesongar, og vart så solgt til Suldal hausten  2010. Han har fått særs gode resultater, og gitt store, flotte lam.

 

Å driva avlsarbeid er krevjande, så det er difor veldig kjekt når ein kan oppnå slike resultater! Begge værane står no på Særheim, og er disponible for heile landet. Her kan du sjå meir detaljar om semin spelværar i 2012.

Medlemmer i Sau og Geit får i desse dagar seminværkatalogen i posten. Seminværkatalogen 2012 kan også finnast på nettet her.