Årsmøte 2012 i Etne Sau og Geit
Etne Sau og Geit hadde 5. desember 2012 årsmøte på Åkrafjordtunet. I tillegg til vanlege årsmøtesaker, hadde me besøk av Svein Varhaug som viste bilete og fortalde om gjeting på Hardangervidda. Det var også utdeling av pokalar og utmerkingar. Her er det Inge Morten Tronstad som får påskjønning for sigeren i NM i saueklipping frå leiar Randi Frette.
Svein Varhaug fortalde om livet som sauagjetar på Hardangervidda, og delte erfaringar frå sauehaldet sitt. Han viste også mange fine bilete frå Hardangervidda frå ulike årstider, med sauer, sauesankarar og flott natur.
Meir enn 50 personar møtte opp til årsmøtet og den tradisjonelle pinnakjøtmiddagen. Pokalar for beste vèrlam etter kåringa i haust vart også delte ut. Beste NKS- vèrlam hadde Ole Sævereid med 184 poeng og 147 i indeks på kåringsdagen. For spel var det 3 stk med den same poengsummen, så vèrlammet med høgast indeks på kåringsdagen vart dermed valgt ut til å få pokalen. Beste spel-vèrlam hadde då Jens Birger Gjerde, med 165 poeng og 131 i indeks på kåringsdagen.
Det vart felt 51 revar i 2011, og pokal og vandrepokal gjekk denne gongen til Lars Håkon Sandvold, som med 10 stk var den som hadde felt flest revar.
Det vart informert om ulike tema som laget har jobba med i løpet av året, m.a. utvida jakttid for rev, skårfesteprosjektet, beitebruksplan og heimeside på nettet. Laget har i dag teke i bruk ei eiga e-postadresse, som er: etne.lokallag@sauoggeit.no .
Representantar frå Gjetarhundnemnda, Fatland og Nortura informerte også om tema som dei var opptekne av, og som også engasjerte medlemmene i salen.