Heile 62 stk var samla på årsmøtet til Etne Sau og Geit i år. Valet av styre vart gjort utan dramatikk, med berre mindre utskiftingar.

På årsmøtet var det utdeling av pokalar til dei som hadde best resultat på kåringa i haust. Olav Sølvberg fekk pokal for beste NKS-vèrlam med 170 poeng, og Jens Birger Gjerde hadde det beste spelvèrlammet med 160 poeng.

Alf Grønstad vart gratulert med framifrå resultat i bukkekåringa.

Det vart felt 51 revar (teljinga gjeld 2012), og det var nøyaktig like mykje som året før! Dei som hadde felt flest revar, og fekk pokal (og napp i vandrepokalen) var Johannes Onstein og Svein Inge Åkra. Begge hadde felt 7 revar kvar.

Det vart også delt ut ei gåve til Inge Morten Tronstad, som for tredje gong vart noregsmeister i saueklipping. Imponerande innsats! Han skal også vera med i VM i saueklipping i 2014.

Me må også nemna ein annan dyktig klippar i Etne, Hamish Mitchell, som skal vera med i VM i saueklipping for det skotske landslaget.

 

Etter den tradisjonelle pinnakjøtmiddagen, var det tid for det faglege innslaget. Arnstein Solem kom heilt frå Kvikne for å fortelja oss om utviklinga av e-bjølla Findmysheep, og om kvifor den fungerer så godt i dag.

 

Dersom e-bjølla fungerer etter forventningane, kan me sjå fram mot ei lettare framtid innan sauesanking og tilsyn med sau på utmarksbeite!  Nokre av dei frammøtte nytta høvet til å bestilla bjøller, og fekk litt spesialrabatt på kjøpet.

For dei som vurderer å bestilla e-bjøller frå Findmysheep, kan prislista for 2014 lastast ned her. Bestillingsfristen for 2014 er 1.mars.

Her kan du lesa meir om Findmysheep.