Sveio smalesamdrift starta opp i 2005, og dei driv i dag 10-11 gardar. Tanken var opprinneleg at dei også skulle driva eit "sauehotell" for små besetningar som kom under momsgrensa, men regelverket sette etterkvart ein stoppar for dette.  Samdrifta held til i ein industrihall, med plass til ei besetning på 400-600 vinterfôra sau. Det vart lagt vekt på at bygget og innreiinga skulle vera billig, funksjonelt og allsidig. Drifta skal vera mest mogeleg rasjonell, men for å oppnå lønnsemd, er det viktig at at ikkje investeringane er for store.

Våge sine erfaringar med samdrifta, er at dette er ei glimrande driftsform. Men at det er naudsynt med romslighet og klare avtalar mellom brukarane. Politikken kan også gjera det vanskeleg! Lønnsemda er svært avhengig av kva tilskotsreglar som gjeld til ei kvar tid. Til no har det vore ei grense på 300 vinterfôra sau, der ein ikkje fekk dyretilskot for dei over 300. Med den nye regjeringa vart tilskotet meir retta mot mengda av levert kjøt, noko som slo positivt ut for dei store besetningane. (Våge har litt blanda kjensler ovanfor dette.)

Våge fortalde også om kva utfordringar dei har hatt med sauene. Dei fekk fotråterestriksjonar på besetninga, men det viste seg heldigvis at dette var falsk alarm. Dei hadde også eit stort utbrot av toksoplasmose eit år, noko som førte til store tap. Det gjekk også hardt ut over avlsframgangen det året, sidan det var mange seminlam som strauk med.

For å halda lammetapet på eit minimum, er dei veldig systematiske i lamminga. Det er viktig med eit godt system, for å sikra at alle som held tilsyn i fjosen veit kva som er status for dyra til ei kvar tid. For å få optimal tilvekst, er dei opptekne av rett snyltarbehandling. Det gjeld å finna ein god balanse mellom faren for produksjonstap hjå sauene, sett opp mot faren for resistensutvikling hjå snyltarane.

Landbruksrådgjevinga, samdrifta og Våge si dotter, veterinæren Åshild, har også studert korleis mineralbalansen har påverka tilveksten. Det viste seg at det var koboltmangel på beita, og dermed bremsa veksten opp for lam på heimebeite.

Underteikna var innom samdrifta på veg til leiarmøte. Her fekk me sjå "klem-vekta" dei brukar, i praksis. Med den veg dei rundt 100 dyr i timen, og sparar seg mange tunge tak. Dei importerer også vekter for sal, til ein rimeleg pris.

Den digitale eininga til vekta er robust, og kan senda data via pc til sauekontrollen.