Haustmøte i Etne
4. oktober var det haustmøte på Grønstad. Tema var "Val av rett vèr".
Rundt 20 stk hadde møtt fram til vèraprat med noko attåt i Etne denne haustkvelden.
Leiar i Hordaland sau og geit, Nils Inge Hitland, fortalde om avlsframgangen på sau dei seinare åra. Det kan ha stor innverknad på økonomien i sauehaldet å velja ein avkomsgranska vèr i staden for td. ein ukåra vèr. Hitland delte òg av sine erfaringar med eige sauehald, og hadde nye tankar om kor tidleg det er mogeleg å sleppa sauene på fjellbeite! Sjå foredrag her.
Hilde Kallekleiv Håland frå Sauekontrollen i Ølen fortalde om fordelane med å registrera sauene i Sauekontrollen, og om alt det er mogeleg å halda oversikt over med rapportane ein kan finna der. I tillegg hadde ho mykje å fortelja om vomma til sauen og mikrolivet der, og anbefalte td. å gje kraftfôret etter silofôret, slik at mikrobane i vomma ikkje tek skade av for surt miljø.