Veterinær Åshild Våge frå Helsetenesta for sau fortalde om kva betydning mineraler har i sauehaldet. Ho har den seinare tida jobba med eit spennande utredningsprosjekt i Sveio, der fokus har vore mineraler si rolle ved redusert tilvekst hos lam på beite.

 

Reidar Sandal frå Nesflaten er ein "reveekspert" som jobbar i Statens naturoppsyn SNO. Han orienterte om det nye regelverket for fangst av rev, og gav gode råd om revejakt til dei frammøtte denne kvelden.  http://www.naturoppsyn.no/suldal/