Meisterskapet skal gå føre seg på kulturhuset Skakkesenteret i Etne, der alt ligg godt til rette for gjennomføringa av eit såpass omfattande opplegg. Me er svært heldige i Etne som har to store og engasjerte slakteri tett på oss, og me har fått med oss både  Fatland Ølen og Nortura Sandeid på laget.

NM i saueklipping og ullhandtering blir ei svært viktig hending her i distriktet, og me er klare til å ta imot mange besøkande. Same helga blir også den årlege "Bondens Marknad" arrangert i Etne, ei hending som trekk om lag 2- 3000 besøkjande. Med andre ord vil det bli bra folksamt og god kok i Etne sentrum denne helga!

Me gler oss over at me har så mange lokale kandidatar til konkurransane, og ser fram til å ta i mot klipparar og ullhandterarar frå heile landet. Alt ligg godt til rette for at me i Etne skal laga eit solid show rundt saueklipparane. Det blir stjernene denne helga!

Her er fleire detaljar:

Påmeldingsfrist er 1. september. (Påmelding på deltager.no).

Kontaktperson: Vidar Aastvedt, mob. 913 86 939

Det blir konkurrert i følgjande klassar:

  • Juniorklasse
  • Mellomklasse
  • Seniorklasse
  • Åpen internasjonal klasse
  • Åpen nasjonal klasse
  • Dameklasse
  • Håndsaks
  • Landskamp
  • Åpen internasjonal ullhåndtering
  • NM ullhåndtering
  • Speedklipping

Meir info om klassane, regelverk mm finn du på NSG sine nettsider.