Lars Kjetil Flesland frå Haugaland Landbruksrådgjeving, Hilde K. Håland frå Ny Giv/ Sauekontrollen og Egil Hervik frå Felleskjøpet Rogaland Agder stod for det faglege på haustmøtet på Grønstad.

Ein spesiell vinter førte til mykje overvintringsskade på eng, og mange hadde difor mindre grovfôr enn normalt då hausten kom. Dette fører til utfordringar i fôringssesongen.

Egil Hervik tok for seg fôring av sauene i vintersesongen, og kva som er viktig å tenkja på dersom ein har lite grovfôr. Innlegget til Egil Hervik om god vinterfôring av sauene finn du her.     

 Lars Kjetil Flesland tok mellom anna for seg forebygging av grovfôrmangel, og kva ein kunne gjera for å få meir avling på dei areala som ein disponerer. Innlegget til Lars Kjetil Flesland om korleis ein kan auka grovfôravlinga finn du her.