Etter eit opphald på nokre år grunna restriksjonar etter fotråtefunn, vart det igjen arrangert kåringssjå for vèrlam i Etne. Antal dømte vèrlam var 95 stk. 92 av desse vart kåra, 1 vart kåra på dispensasjon og 2 vart vraka.

Beste NKS etter samla poeng var vèren 2013 50 392, med 170 poeng (for kropp, bein, ullkvalitet, ullmengd og slekt). Eigar var Olav Sølvberg.

Beste Spæl etter samla poeng for kropp, bein, ullkvalitet, ullmengd og slekt var vèren 2013 50 458, med 160 poeng totalt. Eigar var Jens Birger Gjerde.