Mattilsynet har gitt oss løyve til å halda kåringssjå. Det er likevel god grunn til å vera obs på denne alvorlege sjukdommen.

Det er ei ny forskrift på veg, den kjem truleg 1. oktober. Der står det viktig informasjon om nye reglar for forflytting av værlam ved sal, der det truleg blir bestemt at værane må haldast innandørs i 30 dagar før flytting til eit anna dyrehald, eventuelt 15 dagar og negativ PCR-test tatt tidlegast på den femtande dagen. Det står også informasjon om flytting av værar innan ring.

Les kva som er foreslått som tiltak for å hindre blåtungesmitte i sauenæringa i denne lenkja: "Forskrift blåtunge som påvirker væresalg".

Her kan du lesa kva Veterinærinstituttet skriv om blåtunge.

Forhåpentlegvis får me ikkje sjukdommen hjå oss, men det kan vera lurt å vera føre var!