Styremøte gjetarhundnemnda 16.12.2018 kl. 13

 

Desse møtte: Stein Dalland, Egil Øvstebø, Jan Tore Veland, Ivar Haug og Ragnhild Reisæter (ref)

 

1.           Gjennomgang av referat frå førre møte.

Referatet vart godkjent utan merknader.

 

2.           Oppsummering av årets aktivitetar i Hordaland.

Det har vore gjennomført treningshelg i Rosendal i februar og på Osterøy i mars.

Vårprøve i Rosendal 18 mars og i Masfjorden 25 mars.

Laurdag 25 august var det planlagt kurs for juniorar hjå Audun på Osterøy, men på grunn av lite påmelde vart det omgjort til trening for alle som ynskte det, søndagen var det prøve med svært mange startande i alle klassar.

Fylkesmesterskapet vart i år arrangert i Austrheim 07 oktober.

12 – 14 oktober arrangerte me NM i Omvikedalen

3-4 november var det trening i å gå gjetarhundprøve på laurdag og prøve på søndag på Hildalstølen i Odda.

Årets siste prøve var 11 november på Voss.

 

3.          Oppsummering NM

12-14 oktober arrangerte me NM i Omvikedalen. Tilbakemeldingane på arrangementet var at det var svært gode forhold, sauen var veldig jamn, banen og utsetjing var veldig bra. Det som øydela litt for oss var været – det var eit fryktelig vær med regn og vind, spesielt laurdag og søndag. Kiosk og matservering var sett vekk til lokale organisasjonar. Overnatting og festmiddag var på Rosendal Fjordhotel.

Ivar lagar oppsummering som Nsg skal ha og sender ut til nemnda for gjennomsyn før innsending til Nsg.

 

4.           Korleis gjennomføra fylkesmesterskap i framtida?

Fylkesmesterskapet vert gjennomført som tidligare med klasse 1,2 og 3 – der klasse 3 skal ha deling og singling, det bør være merka dyr i klasse 3 for deling.

Uttaksreglane for Nm blir uendra.

 

5.           Moglegheit for å arrangera større prøvar i Hordaland

  •   Sjå punkt 7

 

6.           Logo

Det vart vedteke at tidligare utarbeidd logo i svart og kvit skal brukast som den offisielle for gjetarhundnemnda i Hordaland. Klede med logo på blir sjekka ut og evt forhøyre seg med Nsg om dei har avtalar som me kan bruke på dette.

 

 

7.          Aktivitetar i 2019 (NB Datoar og plan her er foreløbig, for endelig program for prøvar/kurs/trening sjå                   terminlista til Nsg og heimesida vår: http://www.nsg.no/hordaland/hordaland_gjetarhundnemnd/ )

 

Vinterprøve i Ulvik i klasse 1

Kurshelg i Rosendal i mars.

Vårprøve i Nord-Hordaland mars / april

Osterøy, prøve kl 1,2,3 i august

Fylkesmesterskap fyrste helga i oktober, indre hardanger?

Landsprøve (nursery?) Nord-Hordaland ?

Distriktsprøve etter Nm – Kvam?

Distriktsprøve siste i 2019 – Etne ?

Det må formidlast ut til lokallagene at det er fritt for å arrangere lokale prøvar med kort varsel dersom ein ynskjer det.

 

8.           Budsjett

Ivar set opp budsjett for 2019 og sender ut til nemnda

 

9.           Utdeling av vandrepokal

Nemnda vedtok at vandrepokalen no utgår sidan detno vert delt ut påskjønning frå Hsg på årsmøtet deira.

 

10.        Utfordring med å løfta nivå frå «gardshund» til godkjend klasse 1 prøve.

Det har vore mange som no tek klasse 1 på hunden sin, praksisen med trening i å gå prøve dagen før klasse 1 prøven ser ut til å ha vore bra. Det må formidlast ut til lokallagene at ein kan ha «enkle» klasse 1 prøvar med kort varsel om ein ynskjer det.

 

11.         Ymse

Skottlandstur 2019?

Nemnda er positive til å arrangera tur men trur det er lurt at ein set ut det praktiske til t.d. eit reisebyrå. Ivar planlegg vidare med Audun evt. Andre som har kjende der ein kan besøkje, samt kanskje legge turen til ein av dei større prøvane dei har.

Dommarutdanning

Nemnda vedtok at Audun Seilen og Gunnar Henning Bakka skal sendast på dommarutdanningskurs.

Kjøpe startnr.

Nemnda ynskjer å kjøpe inn startnr som ein kan bruka ved større prøvar, dei ein låner er som regel små og vanskelige å få på seg med mykje klede under.  Ivar høyrer med Nortura evt. Fatland om dette er noko dei kan være med å sponse mot å få logo på dei.