Tur til Skottland
Gjetarhundnemda i Hordaland arrangerer tur til Skottland siste helga i juni.
Det vert fly frå Flesland til Edinburg fredag 28.06.19 med retur måndag 01.07.19. Fredag og laurdag er det lagt opp til gardsbesøk, der me blant anna skal få sjå på sorteringssystem, høyra om driftsopplegg, fôring og beitebruk. Sundagen vert det gjetarhundprøve.
Det vert fokus på både sau og hund, så dette vil nok verta ein kjekk tur for alle sauefolk.
Meir info om pris og påmelding kjem snart.