Onsdag 17. september klokka 19.00 inviterer Nortura, Vikøy og Øystese bondelag og Kvam sau og geit til eit felles fagmøte for bønder.

Program:

Servering av grillpølser og laust prat ute før me går inn.

Ullkvalitet: Sauebonde, saueklippar og ullkursinstrukør Kristina Jordalen frå Voss kjem og gjev ei innføring i:

  • Vurdering av kvalitet på ull med ulldømmingssett (med lupe)
  • Korleis skilja mellom ulike typar ull og kvalitetar: Fin og grov ull, daudhår og marg

Dette er nyttig både med tanke på å velja ut verar til kåringa og til utplukk av påsettlam. Ta gjerne med ullprøvar frå eigne dyr. Høva til å låna med heim lupe.

Tilskotsordningar: Kort orientering om tilskotsordningar i landbruket ved sakshandsamar for landbruk i Kvam herad, Thea Helena Opheim.

Marknad og lammeslakt: Kort orientering ved Liv Lyngstad, krinsleiar i Nortura.

Aktuelt i laga: Korte orienteringar ved Guro Stuve, leiar i Vikøy og Øystese bondelag; Liv Lyngstad, krinsleiar Nortura og Ingunn Hildonen Teigland, leiar Kvam sau og geit.

Møtet vert halde i Gildeløo på Vetlemyrane hos Knut Endre Øyri (Soldalsvegen 30 i Øystese).