Gjetarhundnemnda vil arbeide for å skapa eit enno sterkare gjetarhundmiljø her i Kvam framover og vonar at alle interesserte vil delta på dette startmøtet.

Dersom du ikkje er medlem i Kvam Sau og Geit så kan du gjerne la deg verve!
Audun Seilen kjem og går gjennom ein del informasjon om gjetarhundarbeid med filmsnuttar. Audun driv med sau på Osterøy og er leiar av Gjetarhundrådet i NSG.

I Sau og Geit nr 1/2020 står det litt om "infopakken" som Audun Seilen har vore med å lage. 

Møtet følgjer nsg sine retningslinjer for arrangement per d.d. Vi held god avstand og det vert fri bruk av antibac!

Det vert diverre ikkje servering denne gongen, men ta gjerne med ein "Statoil-kopp" med kaffe