Innmeldinga er open fram til fredag 18. september. Meir informasjon om innmelding, kåringsreglar og eigenerklæringskjema om helsetilstand finn du her: NSG kåring

Eigenerklæringsskjemaet leverer du på på kåringssjået.

I tillegg må du fylla ut transportdokumentskjema for transport til og frå kåringa. Dette har du fått tilsendt på e-post. Skjemaet for transport til kåringa leverer du på kåringa, skjemaet for transport heim tek du vare på sjølv.

Det vert kafe med sal av betasuppe, kaffi og boller. 

Premiering av dei beste dyra. 

Vel møtt!